Stengingar i Ljoteli

Fram til sommaren bli det stengingar på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Bakgrunnen for stengingane er tiltak som må gjerast på vegen før bygginga av den nye Ljotelitunnelen kan starte opp.

Arbeidet startar midt på dagen måndag 29. april. Arbeidsvekene går frå måndag til fredag, frå 0700-1900. Vegen vert stengt i inntil to timar, og opningstidene er tilpassa rutegåande trafikk.

Stengetider:

07:00 ‐ 09:00 ‐ 2 timar (buss frå Øvre Årdal kl. 09:20)
09:30 ‐ 11:30 ‐ 2 timar
11:45 ‐ 13:15 – 1,5 time
13:30 ‐ 15:30 ‐ 2 timar (buss frå Tyin kl. 15:02)
16:00 ‐ 17:00 ‐ 1 time (buss frå Øvre Årdal kl. 16:55)
17:30 ‐ 19:00 ‐ 1,5 time

Anleggsområdet strekk seg frå Holsbru og nedanfor Ljoteli II, tunnelen som ligg i den første svingen i bakkane ned mot Årdal. Det skal ryddast skog, det skal sprengast i ei fjellskjering for å utvide vegen, og ein gamal mur på nedsida av vegen må takast att.

Vossa-firmaet Flage Maskin AS skal utføre arbeidet. Forprosjektet skal vere ferdig innan sommarferien.

Fv. 53 Ljotelitunnelen
• Ljoteli er utsett for både steinsprang, nedfall av is og snøskred. Den nye tunnelen skal redusere risikoen på for skader på dei som køyrer her, og sikre at fv. 53 blir ein forutsigbar og open veg med færre stengingar.
• Den nye Ljotelitunnelen vert 1.100 meter lang. I tillegg skal det byggast om lag 700 meter veg i dagen.

 Publisert 26. april 2019