Tilrår tunnel forbi rasutsette Tokagjelet

For å få ein rask og skredsikker veg mellom Kvam og Bergen tilrår Vestland fylkeskommune tunnel mellom Kletten i Steinsdalen og Eikedal.

Det skal byggast ny veg i tunnel forbi Tokagjel
SKRED: Tokagjel er svært skredutsett. Det skal byggast ny veg i tunnel for å løyse skredproblematikken. Bildet er frå eit ras i 2013.

Etter høyringsrunden sto fylkeskommunen att med to alternativ til ny veg, begge i tunnel forbi det rasutsette området. Den eksisterande fylkesvegen gjennom Tokagjelet er ikkje eit alternativ som er utgreidd, sidan dette vart vurdert som uaktuelt tidleg i planprosessen.

No er kommunedelplanen med konsekvensutgreiing sendt til Samnanger kommune og Kvam herad for politisk handsaming.
– Raskast mogleg rassikring av Tokagjelet er det viktigaste for oss, seier fylkesordførar Jon Askeland.

To ulike alternativ

B1 Kletten–E3 Eikedalen og B1 Kletten–E1 Kleven (sjå kart) har begge vore vurderte når ny veg skal byggast. Kletten–Eikedalen kjem best ut av dei to, i tillegg til at den tar størst omsyn til natur og miljø. Den tilrådde løysinga har ein kostnad mellom 1,9 og 3,1 milliardar kroner, med 25 prosent usikkerheit.

Merknad 2020-06-23 130151.png
TUNNEL: Vestland fylkeskommune tilrår tunnel mellom Eikedal og Kletten.

Kostnad

Etter eit nytt anslag vart kostnaden for begge alternativa reduserte, i hovudsak på grunn av justering av tunnellengder.
270 millionar kroner skil dei to alternativa, mot tidlegare 400 millionar kroner.

– Kostnadene i prosjektet er i hovudsak knytt til bygging av tunnel. Det er utfordrande å finansiere eit så stort prosjekt. Om vi skal klare å finansiere prosjektet er bidraget frå dei statlege rassikringsmidlane heilt avgjerande, seier seksjonssjef i Vestland fylkeskommune, John Martin Jacobsen.

Fylkeskommunen veit meir om nivået på dei statlege rassikringsmidlane når Stortinget har behandla Nasjonal transportplan våren 2021.

Vidare arbeid

– Prosjektet blir ein del av fylkeskommunen sitt arbeid med Regional transportplan 2022-2033, der dette blir vurdert opp mot andre prioriterte skredsikringsprosjekt i fylket, seier Jacobsen.

Reguleringsarbeidet startar når trasé er valt.