Fv. 276 Garnes–Indre Arna

Veg:  Fv. 276
Fase:  Planlegging
Kommune:  Bergen
Mål:  Planarbeidet skal sikre areal for å etablere eit trafikksikkert tilbod for mjuke trafikantar. Fylkesvegen med holdeplassar skal utbetrast eller oppgraderast, og avkøyrsler skal sanerast. 
Kostnad:   

 

 

Prosjektet strekk seg frå Bommane rundkøyring i Indra Arna til Garnes stasjon, og omfattar utarbeiding av reguleringsplan for eit nytt gang- og sykkelanlegg, samt utviding av fylkesveg 276. Sykkeltiltaket utgjer den nordlege delen av ein framtidig hovudsykkelrute i Arna (Arnaruten).

Prosjektet skal bidra til auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, og betre forholda for kollektivtrafikken. Ein annan viktig del av prosjektet vil vere avkøyrslesanering.

Planarbeidet er ein oppfølging av den nasjonale sykkelstrategien og gåstrategien. Prosjektet er også forankra i den lokal Sykkelstrategien for Bergen 2010-2019 og handlingsplanen 2010-2013.