Fv. 267 Eidsvåg–Eidsvågsskogen

Hovudmålsettinga med reguleringsplanen er å leggje til rett for eit godt og effektivt tilbod for syklande og gåande. Det er vidare behov for å auke trafikktryggleik på strekninga, samt å leggje til rett for tilfredsstillande løysingar for kollektiv- og beredskapstrafikk.

Veg:  Fv. 267
Fase:  Planlegging
Kommune:  Bergen
Mål:  Leggje til rette for eit godt og effektivt tilbod for syklande og gåande. Auke trafikktryggleik på strekninga, samt å leggje til rette for tilfredsstillande løysningar for kollektiv og beredskapstrafikk.
Kostnad:   

 


Planavgrensinga omfattar Eidsvågvegen fv. 267 med omkringliggande areal frå Eidsvåg ved Vollane i søraust til Eidsvågskogen ved Strandbakken i nordvest. Planområdet vil bli vesentleg innsnevra når endeleg planforslag føreligg.