Fv. 548 Skånevik-Flesjo

I planarbeidet er er føremålet å betre framkome og gjera vegen tryggare for mjuke trafikantar. Det er planlagt fortau mellom Skånevik sentrum og kryss til Ytre Nes. Det er ein god del bebyggelse tett på vegen og langs deler av strekninga, utfordringar med skredfare, naturmangfald, bratte skjæringar og stadvis bratt terreng rett i fjorden gjer at planarbeidet er tidkrevjande.

Veg: Fv. 548 
Fase: Planlegging
Kommune: Etne
Mål:

Føremålet med reguleringsplanen er å utbetre 2 kilometer av fylkesvegen mellom Flesjo og Skånevik, med breddeutviding, betre framkome og auka tryggleik for mjuke trafikantar. Det er planlagt gang og sykkelveg mellom Ytre Nes og Skånevik sentrum.

Kostnad: 230 mill. i 2019

Det føreligg pr i dag ikkje fylkeskommunale midlar til detaljprosjektering og bygging.

Det er utarbeida skredfarerapport, det har vore utført grunnboringar (kvikkleire) og gjort utgreiingar på naturmangfald. Det er viktig for Vestland fylkeskommune å behalde Skånevik sin identitet, gjere skånsomme terrenginngrep og halde på mest mogleg av bygningsmassen langs vegen.

Etne kommune har lenge arbeidd for å knyte Skånevik betre til E134. Den lenge omdiskuterte tunnelen mellom Etne og Skånevik vart til slutt lagt på is. Hordaland fylkeskommune som vegeigar vedtok at det skulle utarbeidast reguleringsplan for vegutbetring fv. 48 mellom Håland og Skånevik. På bakgrunn av dette vart forprosjekt gjort i 2010 og planarbeidet starta opp i 2016. Etne kommune i samråd med Statens vegvesen bestemte at strekninga på 2, 5 km mellom Skånevik sentrum og til Flesjo skulle prioriterast først.

Godkjent reguleringsplan

Reguleringsplanen for fv. 548, Skånevik – Flesjo vart behandla og godkjent i Etne kommunestyre den 04. mai 2021, etter at motsegn til naturmangfald vart trekt av Statsforvaltaren i april 2021.

Det er usikkert når start på bygginga blir. Dette er avhengig av om det blir sett av midlar gjennom Regional transportplan (RTP) for Vestland fylkeskommune 2022-2033. Finansiering  av prosjektet er spela inn til ny RTP.