175 millionar kroner meir i inntekter

Revidert Bømlopakke har vore på ekstern kvalitetssikring (KS2) av finansieringsgrunnlaget og rapporten er no ferdig.

Rapporten konkluderer med at revidert bompengepakke vil gi 175 millionar kroner meir i inntekter enn en vidareføring av dagens pakke. Dette skuldast fleire bomstasjonar og dermed fleire betalande trafikantar. Med eit nytt bompengeopplegg er nytteprinsippet i så måte betre ivareteken med at ein større del av trafikken som har nytte av prosjekta også betalar. 

Rapporten seiar vidare at dei resterande fem vegprosjekt frå Bømlopakke lar seg ferdigstille, og at det er sannsynleg at mindre utbetringar også lar seg gjennomføre. Det er likevel stor usikkerheit til bompengeinntektene og investeringskostnadene, og det er tilrådd å vente med andre tiltak til inntektsgrunnlaget og kostnadene til dei prioriterte prosjekta er meir avklara.

Revidert Bømlopakke tek sikte på å finansiere fem prosjekt frå Bømlopakke 1 som ikkje vart finansiert innanfor den økonomiske ramma til pakken. Det blir også sat av ein pott til mindre utbetringar. I tillegg til dagens innkrevjingsstadar på Spissøy og på ferjesambandet Langevåg- Buavåg blir det lagt opp til fire nye bomstasjonar rundt kommunesenteret Svortland.

Start på innkrevingen av bompengar er avhengig av politisk handsaming, og kan starte i 2022. Innkrevjinga vil skje i 15 år.

Konsulentar har vore Atkins Norge og Oslo Economics.

Sluttrapport KS2 av finansieringsgrunnlaget for revidert Bømlopakke.pdf