Fv. 541 Sakseid-Hestaneset

Strekninga Sakseid–Hestaneset er prioritert som nr. 9 av tiltaka på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo.

Veg:  fv. 541
Fase:  Byggefase
Kommune:  Bømlo
Mål:  Vegutbetring og trafikksikring.
Kostnad:  400 mill.kr. (2018-kr)


Vegen har mykje tungtrafikk og har delvis særs dårleg standard. Prosjektet omfattar veg i ny trasé utanom bygdene Sakseid, Våge, Lykling og Sele, opprustning av eksisterande veg forbi Kuleseid, samt bygging av gang- og sykkelvegar på deler av strekninga.