Fv. 541 Ekornsæter–Sakseid

Strekninga Ekornsæter–Sakseid er prioritert som nr. 10 av tiltaka på det tidlegare riksvegnettet i Bømlopakken. Fv. 541 er hovudvegen nord-sør på Bømlo.

Veg:  fv. 541
Fase:  Byggefase
Kommune:  Bømlo
Mål:  Vegutbetring og trafikksikring.
Kostnad:  105 mill.kr. (208-kr)


Vegen har mykje tungtrafikk og har delvis særs dårleg standard. Prosjektet omfattar omlegging/utbetring langs eksisterande veg, samt bygging av gang- og sykkelvegar langs deler av strekninga. Det er lagt til grunn bygging av ein tunnel på om lag 500 m ved Sakseid.