Bømlopakken

Bømlopakken omfattar oppgradering og nybygging av store delar av vegnettet i Bømlo kommune. Dette vil gje moderne og trafikksikre vegar som er tilpassa den forventa befolkningsveksten på Bømlo.

Veg:  Bømlopakken inneheld 18 større og mindre vegprosjekt. I dag gjenstår fullføring av fire vegprosjekt. 
Fase:  Byggefase
Kommune:  Bømlo
Mål:  Store delar av vegnettet på Bømlo har låg standard og er ikkje tilpassa dagens trafikk. Bømlopakken vil gje betre framkommelighet og tryggleik for ulike trafikantgrupper.
Kostnad: 

1, 00 mrd. kr.

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16. juni 2009

 

 

Arbeidet med Bømlopakken starta nyåret 2000.Bømlo kommune sette ned ei vegnemnd som fekk i oppdrag å sjå på kva tiltak som måtte gjerast for å oppgradera vegnettet på Bømlo. Til dette arbeidet vart Norconsult engasjert som konsulent og dei utarbeidde det første dokumentet: Vegplan for Bømlo (Bømlopakken), som var klar i 2002.

Kommunestyret handsama planen den 18.11.02 og gav i dette vedtaket politisk klarsignal til at arbeidet med ei konkretisering av pakken med forslag til finansiering og søknad om bompengar skulle inngå.

Planen med tilhøyrande bompengesøknad vart handsama i kommunestyret den 03.04.06.

Saka vart lagt fram for Fylkestinget i Hordaland 13.06.07. Fylkestinget stilte seg positive til finansieringsløysinga og tilrådde bompengesøknaden.

Grunna kostnadsauke og endring i prioritering mellom prosjekta i høve tidlegare handsaming av søknaden, blei eit revidert opplegg lagt fram og godkjent i kommunestyret 15.12.08.

Fylkestinget godkjente 17.03.09 revidert bompengesøknad og tilrådde at bompengeandelen vart utvida frå maks 313 mill. kr (2005-kr) til 642 mill. kr (2008-kr).

Innstilling frå Samferdselsdepartementet om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune vart lagt fram og godkjent i statsråd den 29.mai 2009, jf. Innst.S.nr.343 (2008–2009).

Søknad om delvis bompengefinansiering av Bømlopakken vart godkjent i Stortinget 16.06.09, jf. St.prp.nr 78 (2008–2009) Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak i Bømlo kommune.

Bompengjeinnkrevjing

Bompengar vert krevd inn med AutoPASS i tovegs heilautomatisk bomstasjon.

Bømlo bomstasjon er plassert på Spissøy i Bømlo kommune, like ved kommunegrensa til Stord. I tillegg er det innkrevjing av bompengar i ferjesambandet Langevåg–Buavåg (mellom Bømlo kommune og Sveio kommune). Alle som passerer inn og ut av Bømlo kommune, må betala bompengar.

Innkrevjinga starta opp då innkrevjing for Trekantsambandet blei avslutta, 2. mai 2013. Innkrevjingsperioden vil vera 15 år.

Bompengetakstar

Ved innkrevjinga i bomstasjonen er det to takstgrupper:
– Lette kjøretøy (kjøretøy med totalvekt til og med 3500 kg)
– Tunge kjøretøy (kjøretøy med totalvekt over 3500 kg)

Det regionale bompengeselskapet Ferde AS er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar. For prisar sjå https://ferde.no/priser/