Reguleringsplanen for Atløysambandet er ute på høyring

Vestland fylkeskommune har i samråd med Askvoll kommune utarbeida utkast til reguleringsplan for Atløysambandet.

Illustrasjon_1.jpg
BRUENE: Illustrasjonen viser Olssundbrua til høgre i biletet og Granesundbrua i midten, sett i frå søraust. (Illustrasjon: Rambøll)

Målet med planen er eit fastlandssamband frå Atløyna til Askvoll, eit tiltak som vil gje reduserte reisetider og transportkostnader samanlikna med dagens ferje.

Eit fastlandssamband kan også bidra til positive ringverknader med tanke på folkesetnad og utvikling av næringslivet. 

Reguleringsplanen

Varsla planområde.jpg
PLANOMRÅDET: Grunneigarar, naboar og offentlege myndigheiter vart varsla om oppstart på arbeid med reguleringsplan for Atløysambandet i mars 2019.

Planområdet strekk seg frå Grov på Atløy og til Askvoll skule. Vegen er planlagt å gå frå kryss med eksisterande fylkesveg (Herlandsvegen) på Grov austover forbi Atløy skule, vidare over Søre - og Nordre Sauesundsøy, over Prestøy, gjennom Olsetvikane og over Askvika og opp til kryss med eksisterande fylkesveg (fv. 608) ved Askvoll skule.

Trase.JPG
OVERSIKTSKART: Planlagt vegtrasè for Atløysambandet.

Det skal byggjast bruer over

Sauesundet

Frå Sauesundet over til Atløyna skal det byggast ei kort bru på ca. 100 meter.

Illustrasjonen viser Sauesundbrua og veglinja på Sauesundøya sett i frå nord.jpg
SAUESUNDBRUA: Illustrasjonen viser Sauesundbrua og veglinja på Sauesundøya sett i frå nord.(Illustrasjon: Rambøll)

Granesundet

Frå Prestøyna til Sauesundøyna vert den store brua bygd, som dessutan må halde seg til Kystverkets krav om 42 meter seglingshøgde. Denne vil bli i overkant av 900 meter lang.

Illustrasjonen viser Olssundbrua og Granesundbrua med veg i dagen på Prestøyna.jpg
OLSSUNDBRUA OG GRANESUNDBRUA: To av bruene, med veg i dagen på Prestøyna. Sør for vegen er det tenkt etablert rasteplass og parkeringsplass med korte turstiar opp mot ulike utkikspunkt. (Illustrasjon: Rambøll)

Olssundet

Frå fastlandet over til Prestøyna skal det byggjast ei bru på ca. 220 meter.

Separat gang- og sykkelveg

På siste del av strekninga, frå Olsetvikane og til Askvoll skule, vert traséen lagt oppå eksisterande kommunal veg. Krysset ved Askvoll skule vert flytta noko mot aust, for å betre stigningstilhøva, sikt og trafikktryggleik.

Vegen skal dimensjonerast som hovudveg (Hø1) med fartsgrense 80 km/t (60 km/t forbi Atløy skule). Frå Atløy skule til Askvoll skule er det planlagt separat gang- og sykkelveg på sørsida av vegen. På bruene skal det vere gang- og sykkelareal skilt frå køyrevegen med rekkverk, og på vegfyllinga over Askvika er det eksisterande fortau.

Oppstart på planarbeidet vart varsla i mars 2019. I alt kom det inn 32 merknader. Desse er oppsummerte i eit eige vedlegg til planen, saman med Statens vegvesen/Vestland fylkeskommune sine kommentarar.

Merknader

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn frå 18. mai 2020.  Frist for å komme med merknader til planen er 28. juni 2020.

Merknader skal sendast skriftleg
• via elektronisk skjema for høyringsuttale
• eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no
• eller med post til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll

Plandokumenta er tilgjengelege på

- Askvoll kommune sitt servicetorg
- kommunen si heimeside på internett under kunngjeringar: