Vegen rundt Kvitaneset blir ikkje stengt i sommar

Den planlagte sprenginga i området blir utsett til neste sommar.

-For bebuarar og trafikantar på strekninga betyr det at dei ikkje treng å forholde seg til stengt veg i sommar, seier Synnøve Jakobsen som er prosjektleiar på Askøypakken.

Vegen blir open i sommar fordi prosjektgruppa har valt å ta denne delen av vegarbeidet ut av byggeprosjektet dette året.

-Undervegs i planlegginga har vi hatt inne ekspertar på både sprenging, geologi og geoteknikk, og vi var tidleg klar over at arbeidet her ville vere krevjande før val av entreprenør, seier prosjektleiaren.

-  I arbeidet har det oppstått ein konflikt mellom byggherre og entreprenør vedrørande utføringa av arbeidet. Vi vil difor lyse ut arbeidet med Kvitaneset på nytt neste år. Det er heilt avgjerande at arbeidet ikkje skal gå utover trafikktrygginga til trafikantane, og vi er trygge på at dette er riktig avgjersle for alle.

Ho seier at dei er i god dialog med entreprenør om saka, og beklagar samstundes at ho skuffar mange beburarar som sjølvsagt forventa ny veg rundt Kvitaneset i år.

Arbeidet på resten av strekninga vil gå som planlagt.