Stenging av fylkesvegen forbi «Kvitaneset»

Det er i desse dagar full aktivitet på fylkesvegen frå Skiftesvik til Marikoven.

Entreprenør er i gong med å sikre murar og fjellskjæringa ved «Kvitaneset». Til sikringsarbeidet blir det brukt store anleggsmaskinar som tar plass i heile vegbana.

Med omsyn trafikksikkerheiten i området blir det naudsynt å stenge vegen mellom Skiftesvik og Marikoven:

Måndag 24. februar - fredag 6. mars, kl. 09.15 – 13.15.

Vegen blir opna for trafikantar kvar dag i tidsrommet mellom kl. 11.00-11.30.

Naudetatar får køyre forbi området ved uttrykning.
Buss som køyrer frå Marikoven kl. 10:38 og frå buss frå Kleppestø kl. 11:03 fra Kleppestø vil ikkje gå.

Utsatt til neste år.
Kvitaneset: Arbeidet med vegen rundt Kvitaneset blir utsatt til neste år.