Signert kontrakt

Torsdag 6. august signerte Rivenes AS og Askøypakken Vestland Fylkeskommune kontrakten som omfattar riving av to hus i Hetlevik og restarbeid på Follesevegen.

 -For fleire år tilbake blei det av Statens vegvesen kjøpt to hus i samband med reguleringsplanen i Hetlevikområdet. No er desse husa blitt gamal og forfallen, og til hausten skal Rivenes AS starte på rivingsarbeidet, seier byggjeleiar Rune Angeltveit.

Husa skal rivast med gravemaskin og deretter skal bygningsartiklene bli sortert og sendt til lovleg deponi.

-Dette arbeidet skal vere ferdig i løpet av året, og i tillegg skal Rivenes AS gjere ferdig vegarbeid i Slettebrekklia med ein ny natursteinsmur og gjere nokre justeringar i kryss som skal koble seg inn på Follesevegen, seier Angeltveit.

Under kontraktsigneringa sa Rune Rivenes som er anleggsleiar i Rivenes AS, at dei har tilsatt fleire folk og ser fram til å ta fatt på arbeidet.

Signering av kontrakt
Anleggsleiar Rune Rivenes i Rivenes AS og prosjektleiar Cathrine Botnevik i Vestland fylkeskommune signerar kontrakt.