Ny kontrakt i Askøypakken

– Vi har inngått kontrakt med Contexo AS, og gler oss til å gå i gang med delprosjektet fylkesveg 213 Skiftesvik–Marikoven, seier fungerande prosjektleiar for Askøypakken i Statens vegvesen, Bernt Kristen Vallestad.

Ny kontrakt på Askøypakken
NY KONTRAKT: Avd.dir. Grethe Vikane i Statens vegvesen gratulerer dagleg leiar Knut Brusletto i Contexo AS med kontrakten. (Foto: Geir Brekke)

Krevende oppgave

Entreprenøren har erfaring frå vegbygging over heile landet, også Hordaland. Siste prosjekt var rassikring og utviding av riksveg 13 Deildo i Ullensvang, som blei opna i fjor. Contexo har basen sin i Hønefoss.

Det er eit krevjande prosjekt med omsyn til tett bebygging og mykje trafikk. Det er også en høg skjæring på «Kvitaneset» - som er utfordrande å ta ned. Men byggherre har forventningar til at entreprenøren utførar dette arbeidet på ein god måte.

Knappe 100 mill.

Delprosjektet vil gi utbetring til to felts veg med fortau fra Skiftesvik til snuplassen i Marikoven. Lengda er på ca. 1,4 km.

Det skal også leggast ned nytt vatn- og avløypsanlegg for Askøy kommune, samt ledningsnett for kabeletatane.

Det skal byggast ny bru over elven Pøyla, ved sida av dagens bru. Kontraktsummen er på 98,4 mill. kr. Byggestart vil etter planen bli i haust.

Bygging av ny veg til fra Skiftesvik-Marikoven
BYGGING AV NY VEG TIL MARIKOVEN: Byggeleiar Isabelle Nilsen (t.v.) og kontrollingeniør Jannicke Kuvås Sebak i Statens vegvesen ser fram til å kome i gang med bygging av ny veg til Marikoven. (Foto: Geir Brekke)



Publisert 14.09.2019