Mange vil lagre stein på Askøy

Det er god interesse for å ta seg av steinoverskot på ny vegbygging i Askøypakken. Ti interessentar har meld seg på.

Ni av desse er heimehøyrande i Askøy kommune, mens eit firma har peikt på deponibehov i Bergen.

Nøgd

- Vi er nøgde med interessa, seier fungearnde prosjektleiar Bernt Kristen Vallestad i Statens vegvesen. Vi skal no ta ein gjennomgang av alle dei tilboda som har kome inn – og vurdera dei opp mot kvalifikasjonskrava som blei stillt i kunngjøringa.

Vidare tar ein sikte på å inngå avtalar med interessentar i løpet av desember 2019.

Godkjent plan

At deponiområdet har godkjent reguleringsplan, er ein forutsetnad for god framdrift i massehåndteringa. Det finnes slike løysingar i det materialet Statens vegvesen har fått inn frå interessentar.

I utlysninga av oppdraget i sommar søkte Askøypakken både etter interessentar som ønsket å ta imot stein – og som kan leige ut område til midlertidig deponi.

Høg skjæring

Eit eksempel på delprosjekt med masseoverskot er fylkesveg 212 Slettebrekka–Hetlevik. Her skal det byggast tunnel. Det er også høg fjellskjæring i terrenget mellom Slettebrekka og Hetleviktunnelen.

Søker etter noen som vil ha stein
SØKER ETTER INTERESSENTER: Askøypakken søker etter interessentar som kan ta imot overskotsmassar frå kommande delprosjekt. (Illustrasjonsfoto: Bernt Kristen Vallestad)

Publisert 13.09.2019