I gang med skogrydding

Ein ny type aktivitet er å sjå i området rundt Marikoven for tida. Det som skjer er at entreprenøren er i gang med å rigge seg til med prosjektkontor, maskinar og utstyr.

Entreprenøren starta førebuinga allereie på måndag, og er i gang med skogrydding. I løpet av november blir det start på deler av vegarbeidet.

-Nå blir det eit lite opphald i skogryddinga, men entreprenøren er i gang att på måndag neste veke. Entreprenøren Contexo skal ha prosjektkontor i Marikoven, og det vil ta litt tid og etablere dette, seier Isabelle Nilsen frå Statens vegvesen. Ho er byggelediar på vegstrekninga.

Korte stengingar

Hun seier at det vil vere arbeid fleire stader langs strekninga i tiden fram mot jul, og arbeidet vil få nokon konsekvensar for trafikantar i området.

-På stader der skogryddinga skjer tett på eksisterande veg og det er ein risiko for nedfall på vegen, kan det bli aktuelt å stenge vegen opp mot 20 minutt for å ivareta trafikktrygginga. Då blir det trafikkavvikling med manuell dirigering. Entreprenøren vil varsle når det blir aktuelt å stenge vegen, seier Nilsen.

Berekne ekstra tid

Hun beklagar at dette vil vere ein ulempe for nokon, men oppfordrar folk om å berekne ekstra tid når de skal ut å køyre.

Informasjonsmøte

-I starten av november skal vi halde informasjonsmøte for bebuarar om kva som skal skje på strekninga Skiftesvik-Marikoven. Dette skal folk få god informasjon om etter kvart, sier Nilsen

Publisert 16.10.2019

I gang med skogrydding
SKOGRYDDING: Contexo er i gang med å rigge seg til med prosjektkontor, maskinar og utstyr for å starte på vegarbeidet på Skiftesvik-Marikoven.