Fv. 562 Lavik-Haugland

Arbeidet med ny fylkesveg mellom Lavik og Haugland er lyst ut.

Veg:  fv. 562
Fase:  Prosjektering
Kommune:  Askøy
Mål:  Prosjektet strekk seg over 3,4 kilometer, delvis med utbetring av eksisterande veg og delvis heilt ny veg. Det kommer ny gang- og sykkelveg langs hele strekninga. 
Kostnad:  Totalkostnad 590 mill. kr

Sjå: Lyser ut arbeidet med ny fylkesveg mellom Lavik og Haugland.

Ny veg vil strekke seg frå Horsøykrysset (ved Kiwi) på Juvik og til Asskaret.

Dagens fylkesveg har mange skarpe svingar og trafikkfarlege kryss. Fleire av dagens avkøyrsler skal fjernast og skal samlast i  eit større knutepunkt. Utviding av fylkesvegen er gjort med omsyn til landskapet og eit krevjande terreng.

I dette prosjektet skal vi legge til rette for mjuke trafikantar med å bygge ein gang- og sykkelveg, og i tillegg auke framkomsten med utbetring av fylkesvegen. Prosjektet vil med dette auke trafikksikkerheiten for alle trafikantgruppar.

Sjå illustrasjonar av ny fylkesveg på dei einskilde delstrekningane (klikk på +-teiknet):

Horsøykrysset – Juvik/Kråvik


Grunna ein bratt fjellskjering aust for fylkesvegen på austsida frå Juvik,  blir dagens fylkesveg ny og utvida mot vest med gang- og sykkelveg.

Gang- og sykkelveg langs Horsøyvegen.


Gang- og sykkelvegen går parallelt med og eit stykke frå hovudvegen med tilkomst til bolig. Gang- og sykkelvegen kobler seg på Horsøyvegen, ved Kiwi Juvik.

Felles tilkomst til ein samleveg


Dagens avkøyrslar mot vest blir stengt, og lagt i felles tilkomst med nytt kryss til fylkesvegen.


Like nord for den gamle bilforretninga ved Juvik blir det tilrettelagt med ein felles tilkomst for boligar og forretningar via nytt kryss. Dagens tilkomst på sørsida av bilforretninga blir stengt.


Ved Lavik går fylkesvegen i dag i ein krapp sving mot aust gjennom ein strekning med bratte fjellskjeringer på begge sider. Ny fylkesveg vil gå rett fram og inn i kryss mot dagens fylkesveg. Vegen vidare mot Erdalsvegen i aust går gjennom ny rundkøyring.


Mot Storebotn næringspark blir kryssområdet rusta opp og fylkesvegen får ein oppgradering. Det blir bygget gang- og sykkelveg langs vegen.

Pollelva - Kråvik


Delstrekninga her går gjennom ein bratt dal der Pollelva renn. Elva ligg nedst i eit smalt juv. Over Pollelva kjem ny bru. Kråvikvegen går ned til fritidsbustadane som ligg ved sjøen like ved utlaupet til Pollelva.

Kråvik-Berget


Den nye fylkesvegen kjem i landbruks-, natur - og friluftsområda som går ned til fjorden. På strekninga er det boligar i grendar som Monsakleiva og Hilleren. 


Den nye fylkesvegen blir lagt lengre mot vest for ikkje å kome i konflikt med kulturminne ved Hilleren. Grunna vanskeleg terreng blir  Kråvikvegen lagt på bru over ny fylkesveg.


Lokalvegen til Hilleren vil gå i ny bru over den nye fylkesvegen. Brua er også tilrettelagt for gåande og syklande mellom Hilleren og Kråvik.


Ny bru ved Berget vil knytte saman lokalvegen med dagens fylkesveg.

Berget - Ravnanger


Ved Berget møter ny fylkesveg dagens fylkesveg i eit nytt vegkryss.


Dagens fylkesveg blir utvida og oppgradert. Ny fylkesveg kjem lengre ned i skråninga forbi Berget for å gjere plass til ein tilkomstveg på innsida mot fjellskjeringa.


Ny gang- og sykkelveg vil gå gjennom undergang mot Haugland skole. Gang- og sykkelvegen blir atskilt fra fylkesvegen, og det blir ikkje gjort noko med brua over Loneelva.