fv. 565 Alverstraumen bru

Veg: fv. 565
Mål:

Leggje til rette for eit godt vegsystem som gir god framkomst og god tryggleik for alle trafikantgrupper, inkl. gåande og syklande. Ny bru og veg skal ha ei god utforming og leggje til rette for vidareutvikling av tettstaden Alversund.

I planarbeidet skal det takast omsyn til Indre farlei, pågåande planarbeid og eksisterande planar i området.

Fase: Planlegging
Kommune: Alver
Kostnad:

Eit grovt kostnadsoverslag frå tidlegare planarbeid er 360 millionar 2020-kr. +/- 25 prosent, inkludert riving av eksisterande bru. 

 

Alverstraumen bru på fv. 565 er smal og lysregulert. Brua er og i dårleg forfatning, slik at omfattande utbetring/vedlikehald er nødvendig om brua skal kunne brukast vidare i meir enn 5 til 10 år.

Vestland fylkeskommune utarbeider no reguleringsplan for ei ny bru rett nord for den gamle i samarbeid med Alver kommune.

Grunnlag for planarbeidet er Kommunedelplan Knarvik – Alversund med Alverstraumen, som vart vedteken av Lindås kommune i 2019.