Tilskot til trafikktryggleiksaktivitetar

To gongar om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar. Søknadsfristar i 2020 er 25. februar og 31. august.

Kva er målet med ordninga?
Målet med ordninga er å styrkje det førebyggjande og trafikantretta arbeidet med trafikktryggleik som skjer lokalt og regionalt i fylket.

Kven kan søkje?
Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot.

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva kan ein få tilskot til?
Ein kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.

Tiltaka skal støtte opp om målet for ordninga. Reine fysiske tiltak vil normalt falle utanfor ordninga. 

Tilskotsordninga har to årlege tildelingar med kvar sin søknadsfrist. For 2020 gjeld desse søknadsfristane:

  • 25. februar (1. tildeling)
  • 31. august (2. tildeling)

a) Det blir lagt vekt på trafikkfagleg kvalitet og kor sentralt førebyggande trafikksikringsarbeid står i tiltaket.

b) Kor breitt tiltaket når ut vert vurdert opp mot storleiken på søknadssum.

c) Trafikksikringsaktivitetar i kommunar som inngår i Trafikksikker kommune-arbeidet vert prioritert.

d) Frivillige organisasjonar som driv med kontinuerleg og regionalt forankra trafikktryggingsarbeid vert prioritert.

e) Tilskotet kan nyttast til kostnader som er direkte knytt til gjennomføring av tiltaket.

f) Tilskotet kan ikkje nyttast til kostnadar knytt til ordinær drift og administrasjon av søkjar si verksemd.

g) Det er mogleg å søkje om midlar til tiltak som blir gjennomført før sak om tildeling er handsama politisk. Tiltaket kan ikkje vere gjennomført før søknad er sendt.

Krav om eigendel
Det er krav om ein eigendel på minimum 25 prosent, dersom kostnaden til aktiviteten/tiltaket overstig 50 000 kr. For tiltak med kostnad opp til kr 50.000,- er det ikkje krav til eigendel for å kunne bli tildelt tilskot. Vert sluttkostnad for tiltaket redusert i høve til totalkostnad i søknad, vert det fylkeskommunale tilskotet redusert med tilsvarande prosentdel.

Søknad
For tilskotsordninga skal det nyttast elektronisk søknadsskjema som ein finn på sida for ordninga. Ved innsending vil ein få automatisk stadfesting av at søknad er mottatt. Når søknadsfrist er utløpt, vert skjemaet stengt for innsending av nye søknadar. Etter ei tid vert skjema opna att for søknadar til neste tildeling. 

Forvaltning av tilskotsordninga
Hovudutval for samferdsel og mobilitet (SAMO) gjer vedtak om tildeling av tilskotsmidlane på vegner av fylkeskommunen. Fylkesrådmannen v/infrastruktur- og vegavdelinga førebur sak om tildeling av tilskot og utfører den praktiske administrasjonen av tilskotsmidlane. Midlane vert tildelt etter søknad til konkrete aktivitetar/tiltak innanfor det geografiske området til Vestland fylke. Fylkesrådmannen si tilråding vert lagt fram for trafikktryggingsutvalet (FTU) som innstiller til SAMO.

Rapportering og utbetaling
Løyvd tilskot vert utbetalt etter at aktiviteten/tiltaket er gjennomført og søkjar har levert inn rapport. Om gjennomføring av aktiviteten/tiltaket er avhengig av at tilskotet vert utbetalt i forkant, må søkjar ta kontakt med fylkeskommunen v/infrastruktur- og vegavdelinga. Det er ønskeleg at søkjar opplyser om dette behovet i søknaden.

Søkjar skal nytte rapporteringsskjema som ein finn på sida for tilskotsordninga og leggje ved dei vedlegg som eventuelt vert etterspurt. 

Kontroll og revisjon
Vestland fylkeskommune sin revisor kan gjennomføra kontroll med at tilskotet vert nytta slik det går fram av søknad og vedtak.

Om tilskotsmottakar gir misvisande opplysningar, eller ikkje nyttar tilskotet i samsvar med vilkåra, vil tilskotet verte avkorta eller inndratt.