Vinterdrift av fylkesvegar i Nordfjord - ny kontraktsform ute på anbod
I alt vert det lyst ut 19 kontraktar for vinterdrift i Nordfjord, og ein kontrakt for brøytestikke. Onsdag 23. november er det tilbodskonferanse på Nordfjordeid.

Kontraktsområde Nordfjord består av 475 kilometer fylkesveg og 16 kilometer gang- og sykkelveg. Det famnar om kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn, Gloppen og Sunnfjord. No er vinterdrifta i dette området lagt ut på anbod, i mange mindre kontraktar.
– Dette er ei ny kontraktsform der vi går vekk frå ein hovudentreprenør, og drifta vert delt opp i mindre kontraktar. Vegeigar tek i større grad styring med drifta av vegnettet, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift nord i Vestland fylkeskommune.
Oppstart på dei nye kontraktane blir ikkje før september neste år. Den komande vinteren vil vegane difor bli drifta av firmaet som har hatt kontrakten dei siste åra.