Vestland fylkeskommune lyser ut prosjekta på nytt

Fylkeskommunen lyser ut det arbeidet som står igjen på dei tre kontraktane dei hadde med det konkursråka firmaet Contexo.

Det gjeld prosjekta Skiftesvik-Marikoven på Askøy, Breivika-Svelgen og Åstranda i Hyen.

Skal sikre anleggsområda

Seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune, Gunhild Vangsnes, seier at no startar arbeidet med å sikre anlegga fram til oppstart på ny kontrakt.

– Det er viktig for oss å sikre at det som allereie er utført på anlegga ikkje vert øydelagt, eller at halvferdig arbeid utgjer ein fare for trafikkantar, seier Vangsnes.
Skredsikringsprosjektet i Åstranda er inne i ei kritisk fase, det er viktig at arbeidet med skredvollane blir ferdig før snøen og vinteren kjem.

– Det er berre to-tre vekers arbeid att, og vi må få på plass ein entreprenør som kan fullføre arbeidet raskt. Vi hentar difor inn pris direkte frå fleire aktuelle entreprenørar på ferdigstilling av skredvollane.

Prosjekta i Svelgen og Askøy er av større omfang, og er berre komne halvvegs. Det resterande arbeidet på desse prosjekta må difor gjennom ein ordinær tilbodskonkurranse.

Oppstart første halvdel av 2021

Bygginga av gang- og sykkelveg i Svelgen vert lyst ut på nytt rett over nyttår, og om alt går som planlagt vert det oppstart i februar/mars 2021.

Prosjektet på Askøy vil også blir lyst ut på nyåret med oppstart nærare sommaren. Dette skal sikre fullføring av heile prosjektet, også Kvitaneset, den delen som vart teke ut av prosjektet tidlegare i år.

– Det er stor interesse for å fullføre arbeidet på desse anlegga, seier Vangsnes, som oppmodar entreprenørar til å levere tilbod på dei jobbane som no blir lyst ut.