Ventetid mellom Naustdal og Vevring

Rekkverket skal oppgraderast på delar av fv. 611. Mange stader vil det vere passering, andre stader kan det bli noko ventetid.

Asfaltert veg i sommarlandskap med låge støypekantar.
LÅGE STØYPEKANTAR: Behovet for opprusting av rekkverket er stort på delar av fv. 611 mellom Naustdal og Vevring.

På fleire strekningar mellom Helletunnelen og Vevring er betongrekkverket lavt og i dårleg stand. No skal det støypast nytt rekkverk oppå det gamle, slik at vegen blir tryggare ved utforkøyring.

Vêravhengig

Arbeidet skulle ha starta måndag 6. desember, men vert utsett ei veke fordi det er meldt om for låge temperaturar til å støype.

– Vi vil gjere det vi rekk fram til jul, men treng eit par veker også etter nyttår. Så sant det ikkje blir for kaldt eller for mykje snø så skal vi bli ferdig i løpet av tre veker, seier byggeleiar Georg Balke Fjellang.

Dersom vêret i januar ikkje tillét støypearbeid må oppgraderinga fullførast seinare på våren.

Koordinere stengingar

Rekkverksarbeidet på fv. 611 kjem i tillegg til vegarbeid ved Frammarsviktunnelen, der det er lengre stengingar.

– Så langt det let seg gjere vil vi prøve å koordinere desse stengingane, seier Fjellang.