Vegstenging ved Vetrhus i Stad
Vegen mellom Almenningsfjellet og Selje vert stengd i periodar, frå måndag 9. mai til fredag 13. mai.
Nokre store graner som står tett ved vegen skal fjernast for å å gje betre sikt og trafikktryggleik, og vegen må stengast i samband med arbeidet.
Arbeidstider:
Måndag: | kl. 09.00 – 20.00 |
Tysdag, onsdag, torsdag: | kl. 08.00 - 20.00 |
Fredag: | kl. 08.00 – 15.00 |
Opningstider:
Vegen vert opna i samband med rutegåande skyss ca. kl. 09.05, 11.45-12.15, 14.35 – 15.00, 16.20 – 16.30 og 18.00.
Utrykkingskøyretøy kan passere på kort varsel.
Publisert 4. mai, kl. 10.30