Brustenging i Bremanger

Fv. 616 vert stengd ved Svarstad på nattetid i ei veke frå måndag 4. juli.

Svarstad bru på fv. 616 i Bremanger.(Foto: Kenneth Tennefoss/ Vestland fylkeskommune)
Svarstad bru på fv. 616 i Bremanger.(Foto: Kenneth Tennefoss/ Vestland fylkeskommune)

Svarstad bru skal få nytt dekke og asfalt. Arbeidet startar måndag 4. juli, og vegen blir stengd mellom kl. 22.30 og 06.00. Stengevarselet gjeld ut veka, alt etter når arbeidet vert ferdig.