Vegstenging på Stårheim vert forlenga ut onsdag

Fylkesveg 5747 på Stårheim blir stengd fram til onsdag ettermiddag grunna vegarbeid.

Arbeidet med å skifte ut massar på fylkesveg fv. 5747 starta i førre veke, men ferdigstillinga har blitt noko forsinka.

Stenginga vert forlenga ytterlegare ein dag frå det som vart meldt ut i førre veke, og vert avslutta onsdag 21. april kl. 16:00.

FV. 5747 på Stårheim (kartutsnitt: Fylkesatlas)
FV. 5747 på Stårheim (kartutsnitt: Fylkesatlas)