Vegstengingar mellom Sogndal og Hafslo

Frå onsdag 10. mars vert fylkesveg 55 stengd mellom Årøytunnelen og Stupshøltunnelen i periodar på inntil ein time grunna fjellsikring.

Vegen vil vere stengd i inntil ein time på dagtid, med nokre fleire opningar for passering på morgon og ettermiddag, sjå tabell nedanfor.

Det vil vere arbeid på strekninga frå måndag til og med laurdag, med fri ferdsel på søndagar.

Fjellet over fylkesvegen skal reinskast for lause massar,  og det skal settast opp eit fanggjerde for å sikre vegen mot nedfall av stein.

Arbeidet og stengingane vil vare ut mai månad.

Opningstider:

 
Kl.07:00 – 08:00: inntil ti minutt ventetid
Kl. 08:30:  ope for gjennomkøyring
Kl. 09:00 – 15:00: ope for gjennomkøyring kvar heile time
Kl. 15:00 – 17:00: ope for gjennomkøyring kvar heile og halve time
Kl. 18:00  - 19:00: inntil ti minutt ventetid
Kl.19:00 – 07:00:  fri ferdsel