Vegstenging på Atløy

Gjerdviktunnelen på fv. 5660 mellom Herland og Høyvika på Atløy skal rustast opp. Arbeidet startar måndag 10. februar.

For å sikre god framdrift på arbeidet, og færrast mogleg veker med heft for trafikantane, må vegen stengast i to-tre timar om gongen. Opningstidene vil bli tilpassa trafikken til og frå ferja på morgon og ettermiddag.

Den gamle duken som leier vekk vatn frå tunnelveggen skal rivast, og erstattast av ny vass- og frostsikring. I alt skal det opp 1600 kvadratmeter PE-skum, som skal dekkast med sprøytebetong. Dette vil minske behovet for reparasjon og vedlikehald av tunnelen i framtida.

Etter planen skal arbeidet vere ferdig i løpet av fem veker.

Opningstider utover dagen:

Frå 0700-0820 vil rute-/skulebussar og trafikk til og frå ferja sleppe igjennom.
Kl. 10:20-10:25
Kl. 11:10-11:15
Kl. 12:40-12:45
Kl. 14:50-14:55
Kl. 15:20-15:25
Kl. 16:25-16:30
Kl. 16:55—17:00
Kl. 19:00-

For meir informasjon om opnings- og stengetider, sjå www.175.no

Publisert 10. februar 2020