Tunnelarbeid og vegstenging mellom Førde og Askvoll

Måndag startar arbeidet med å brannsikre Nordheitunnelen på fv. 609, og i heile neste veke vert vegen stengd i lengre periodar på kveld og natt.

Nordheitunnelen på fv. 609 skal brannsikrast med sprøytebetong som ein del av oppgraderinga av tunnelen. Arbeidet krev lange stengingar utover kvelden og natta, men før midnatt vert det nokre opningar for passering.

Arbeidet startar måndag 12. oktober, og vert avslutta på morgonen måndag 19. oktober.

Stengetider:

19:00 – 20:00

20:10 – 20:50

21:00 – 24:00

00:10 – 07:00