Vegstenging mellom Dombestein og Davik

I samband med sikringsarbeid vert det stengingar på fv.616 ved Svartekari, litt aust for Davik, i to veker. Arbeidet startar måndag 28. november.

Fjellskjæringa langs vegen skal sikrast med nett. Arbeidet skal utførast frå lift som står nede på vegen, og akkurat på denne strekninga er det ikkje passering for andre køyretøy. Vegen må difor stengast i periodar på dagtid, melom kl. 08.45 og 20.00. Det blir jobba firedagersveke, frå måndag til og med torsdag. Fredag, laurdag og søndag er det fri ferdsel.

Opningstider:

Kl. 09.30, kl. 11.30, kl. 14.00, kl. 15.30, kl. 16.20, kl. 18.00.