Vegstenging i skredsikringsprosjektet ved Ljoteli

Fv. 53 forbi Ljoteli i Årdal kommune blir stengt på dagtid frå 28. september til og med 23. oktober i periodar på inntil to timar grunna arbeid med stikkrenner og kabelgrøfter.

Ny vegstrekning i Ljoteli i bratt fjellskjæring sett ovanifrå, fjellsikring synleg i fjellsida. Under vegen ser ein delar av fabrikkområdet til Hydro Aluminium i Øvre Årdal. Sommar.
VEGSTENGING: Det blir vegstengingar på dagtid i Ljoteli fram til 23. oktober.

Vegen blir stengt ved Temrebakkane og Holsbru mellom kl. 07.00-19.05

Ope for trafikk:

- Kvar kveld og natt kl. 19.05-07.00
- Ope kvar søndag frå kl.19 laurdag til kl. 07 mandag.
- Bussar i rutetrafikk blir sloppe gjennom: frå Øvre Årdal kl. 09.20 og 16.55,
  frå Tyin kl. 15.05.

Opningstider dagtid Årdal-sida:
kl. 09.00-09.30
kl. 11.30-11.45
kl. 13.15-13.30
kl. 15.30-16.00
kl. 17.00-17.30

Opningstider dagtid Holsbru-sida:
kl. 09.05-09.30
kl. 11.35-11.45
kl. 13.20-13.30
kl. 15.35-16.00
kl. 17.05-17.30

Vestland fylkeskommune bygger tunnel på strekninga Ljoteli i Årdal kommune, for å sikre trafikantar mot skred og nedfall av is og stein. Det var gjennomslag i tunnelen 4. juli i år, og ein reknar med å opne den nye tunnelen og tilhøyrande veg hausten 2021.
No er tida komen for arbeid med stikkrenner og kabelgrøfter, og det er naudsynt å stenge vegen i periodar for å få arbeidet gjort.

• Sjå også trafikkmeldingar på www.175.no / tlf. 175.