Vegstenging i Raundalen

Neste torsdag startar utbetringsarbeidet på fv. 5386 Raundalsvegen, mellom Skipleseidet og Slåtto. Vegen vil bli stengd i periodar på inntil to timar frå måndag til fredag.

veg gjennom fjelllandskap
TRENG VEDLIKEHALD: Vegen mellom Skipleseidet og Slåtto ber tydeleg preg av slitasje, med sprekkar og djupe hjulspor.

Utbetringa består av masseutskifting av vegbana, og utskifting av stikkrenner.

Arbeidet vil gå på dagtid frå klokka 0700-1700, og det vil vere faste opningstider kl. 0900, 1100, 1300 og 1500.

Anleggsarbeidet startar torsdag 4. juni, og skal vere ferdig innan 11. juli.