Vegstenging i Oldedalen

Det skal byggast nye møteplassar langs fv. 5724 i Oldedalen, og vegen vert difor stengd i periodar på dagtid, frå måndag 9. mars og nokre veker framover.

Kart over Oldedalen
MØTEPLASSAR: Det skal byggast nye møteplassar på Håheim, Sund og ved Fossvega.

Det vil vere arbeid på Håheim, Sunde og ved Fossvega, frå måndag til torsdag.
Vegen vert stengd frå kl. 08:30 – 11:30, 12:00 – 14:00, 15:00 – 16:00 og kl. 17:00 – 19:00

Desse stengetidene vil gjelde fram til 1. april.

 Vi har som mål å bli ferdige med langstengingane innan då, og så blir det kortare stengingsperiodar fram til arbeidet skal vere heilt ferdig i mai, seier byggjeleiar Emma Midthjell Solibakke.

 

Publisert 6. mars 2020