Stenger Bontveitsvegen i fire veker

Fylkesvegen til Bontveit i Fana er inngangsporten til eit populært friluftsområde sommar som vinter. Ei utfordrande strekning på vegen skal no sikrast mot utforkøyring.

Arbeidet startar måndag 26. september. 300 meter veg ved Frotveit skal få ny støttemur, og vegmassane skal skiftast ut.

– Denne strekninga har fått midlar til nytt rekkverk, men før dette kan installerast må vegbana utbetrast. I den tilstanden vegskuldra er i no, er det ikkje mogleg å sette opp rekkverk, seier kontrollingeniør Are Mossefinn Sandvik i Vestland fylkeskommune.

Målet er å få opp nytt rekkverk før det kjem frost og snø, og difor vert førebuingsarbeidet starta opp på kort varsel.

Dei som bur ovanfor stengepunktet, eller skal til Bontveit, må dei neste fire vekene bruke vegen opp Hauglandsdalen, fv. 5160. I Hauglandsdalen er det kobling over til Bontveit via ein kommunal veg med Samdal.

BONTVEITSVEGEN: Både fastbuande og besøkande må velgje ei anna rute om dei skal til Bontveitsområdet dei neste fire vekene.
BONTVEITSVEGEN: Både fastbuande og besøkande må velgje ei anna rute om dei skal til Bontveitsområdet dei neste fire vekene.