Nattestengd fylkesveg i Marifjøra

Fv. 603 mellom Marifjøra og Vedvik blir nattestengd frå søndag 6. juni, til neste laurdag. På dagtid blir det timesstengingar.

Grunna førebuing av dekkelegging og utskifting av stikkrenner vert vegen stengd mellom kl. 22.00 og 06.00.

På dagtid vert det arbeid mellom kl. 08.00 og 18.00, med opning for gjennomkøyring kvar heile time.

Arbeidet vert avslutta laurdag 12. juni kl. 16.00.