Gaularfjellet opnar i morgon

Fylkesveg 613 over Gaularfjellet opnar tysdag 27. april kl. 08:00.

Inntil vidare vert vegen nattestengd frå kl. 21:00 til 08:00.
– Vêrmeldingane ser stabile ut framover, og vegen er rydda for snø, så difor tek vi sikte på å opne tidleg i år. Om vêrtilhøva skulle endre seg, og skredfaren aukar, så må vi heller vurdere å stenge vegen i korte periodar, seier Rune Sande, leiar for drift nord i Vestland fylkeskommune.

veg med høge brøytekantar
ARKIVFOTO FV. 613 GAULARFJELL

Publisert 26. spril 2021