Opnar vegen til Arnafjorden søndag ettermiddag– nattestengd til over påske

Fylkesveg 5600 i Vik i Sogn har vore stengd sidan steinblokker rasa ned og sperra vegbana på onsdag.

Fjellsikrarar har vore oppe i fjellsida og reinska lause steinar, og vegbana har blitt rydda og spylt i løpet av påskeafta og første påskedag.

- Vegen vert opna kl. 15:00 søndag 4. april, med nattestengingar frå kl. 20:00-07:00. Men det er meldt mykje nedbør, så vegen kan bli stengd på kort varsel, seier Rune Sande, leiar for drift nord i Vestland fylkeskommune.

Vegen blir nattestengd fordi nokre blokker må sikrast med boltar. Det vert gjort over påskehelga.

Publisert 4. april 2021 kl. 14:38