Bordalsvegen kan bli stengt i inntil to timer

Vestland fylkeskommune er i gang med vedlikehaldsarbeid på Haugsklopp bru på fv. 5392 Bordalsvegen på Voss.

No kan fylkesvegen ved Haugsklopp bru bli stengt i inntil 2 timer i tidsrommet frå onsdag 6. desember kl.08.00 til torsdag 9. desember 19.00.

Uttrykningskøretøy kan passere etter avtale med ansvarleg på staden. 

Stengeintervalla blir som følgar:  

Kl. 08:00 – kl. 10:00
Kl. 10:10 – kl. 12:10
Kl. 12:40 – kl. 14:40
Kl. 14:50 – kl. 16:50
Kl. 17:05 – kl. 19:05

Fylkeskommunen fekk i år tilskot til oppgradering av Haugsklopp bru for tømmertransport. Norsk Skogeierforbund har vore involvert i denne prosessen.

– Det som skjer konkret med Haugsklopp bru er at vi skal erstatte dagens gamle bruplate i betong med ei ny, seier byggeleiar Kristoffer Hove i Vestland fylkeskommune.

Kan tåle tyngre køyretøy
Brua vil då oppfylle gjeldande standardar og regelverk, samt ha kapasitet til 60 tonns totalvekt.

– Sjølve bruplata blir bygd ved sidan av brua, for så å bli løfta på plass. Dette vil truleg skje første helga i desember. Arbeidet med brua skal etter planen vere ferdig den 17. desember, seier Hove.

Det kjem meir informasjon om aktuelle stengingar av vegen knytt til arbeidet med brua.

Kvifor oppgradere brua?
Hausten 2013 blei det vedteke å auke lovleg totalvekt for 7-aksla tømmervogntog frå 56 til 60 tonn. Etter dette har skog- og trenæringa saman med Statens vegvesen, fylkeskommunar og kommunar hatt ei rekke møte. Dette blei gjort for å oppklassifisere det offentlege vegnettet for at mest mogleg av tømmertransporten kan skje med 60 tonn last.

Sommaren 2015 valde Vegdirektoratet å starte ein systematisk gjennomgang av alle bruer på fylkesvegnettet. For å få innført 60 tonn totalvekt på tømmervogntog har dette arbeidet vore usedvanleg viktig.

I dag er 10 454 av 11 338 bruer på fylkesvegnettet (92 %) godkjent for 60 tonn.

VEDLIKEHALDSARBEID: I veke 42 starta arbeidet med vedlikehald på Haugsklopp bru.
VEDLIKEHALDSARBEID: I veke 42 starta arbeidet med vedlikehald på Haugsklopp bru.