Vassbakk og Stol har fått arbeidet med rassikring i Kvinnherad

Prosjektet er ein del av Kvinnheradpakken og gjeld arbeid med rassikring og vegutbetring på fv. 500 mellom Austrepollen og Årsnes.

Prosjektet blei lyst ut på konkurranse i fjor, og prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum er nøgd med valet.

-Det har vore veldig god kvalitet på bidraga til alle dei tre tilbydarane som var med i tilbodsfasen. Dialogfasen har vore veldig lærerik og nyttig. Dei to andre tilbydarane som var Bertelsen og Garpestad og Kruse Smith har vist fram gode kvalitetar, men til slutt så var det Vassbakk og Stol som leverte tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet, seier ho.

I fjor var det informasjonsmøte på Stord for interesserte entreprenørar, tilbodskonferanse og prekvalifisering.

-Frå januar til mars gjennomførte vi konkurranseprega dialog. Vi skal bruke ein ny samarbeidsform med meir dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør.
Vi meiner at entreprenør på denne måten får større moglegheit til å påverka løysingar med sin kompetanse og erfaring, og dermed levere mykje betre på sjølve gjennomføringa. Ved å involvere entreprenøren tidleg i prosessen trur vi at vi får betre løysingar, og samtidig sparar tid og pengar. No skal vi nytte partanes samla kompetanse som vil gi eit betre sluttprodukt, seier Lahlum.

Prosjektleiaren ser fram til å samarbeide med Vassbakk & Stol framover, og no skal partane inn i ei utviklingsfase der ein skal komma fram til gode løysingar og bli einige om kostnaden for endeleg kontrakt. Ho håpar at dette er på plass rundt årsskiftet 2020/2021 og at vegarbeidet kan starte på nyåret.

Prosjektet omfattar ein kort tunnel på 1500 meter og utbetring av eksisterande veg på deler av strekninga. Ny tunnel og veg i dagen skal gje betre trafikktryggleik, betre framkomst og miljø.

Prosjektet har ei totalramme på 450 mill.kronar.