Tunnelarbeid og vegstenging i Framfjorden

Måndag startar arbeidet med å tette vasslekkasjar i Framfjordtunnelen i Vik. I vekedagane vert vegen difor stengd i lengre periodar på kveld og natt, med nokre opningar for passering.

Arbeidet startar måndag kveld, og går kvar natt fram til fredag morgon.

Stengetider:

  • kl. 20:00 – 22:30
  • kl. 22:40 – 24:00
  • kl. 00:10 – 03:00
  • kl. 03:10 – 06:00

Arbeidet i Framfjordtunnelen vil vare ut året, og frå midten av november vil det vere arbeid alle vekedagar, med dei same stengetidene.