Tunnelarbeid i Grimesvingane – stenger vegen i fellesferien

Brattlandstunnelen må utvidast i høgda for å unngå at køyretøy tek oppi tunneltaket. For å gjennomføre arbeidet vert vegen stengd på kveld og natt i tre veker i juli.

SKAL UTVIDAST: Brattlandstunnelen på fv. 587 i Grimesvingane. (Foto: Silje Alvsaker /Vestland fylkeskommune)
SKAL UTVIDAST: Brattlandstunnelen på fv. 587 i Grimesvingane. (Foto: Silje Alvsaker /Vestland fylkeskommune)

Tunnelen ligg på fv. 587 Hardangerveien mellom Arna og Nesttun, ei tett trafikkert strekning der det passerer i snitt 14 000 bilar kvart døgn.

Det har vore eit problem at store køyretøy tek opp i tunneltaket, for å unngå dette må det gjerast tiltak for å auke høgda i tunnelen til 4,20 meter.

I samband med arbeidet blir tunnelen stengd på natt, mellom kl. 22.00-06.00. Gjennomføringa av arbeidet er lagt til fellesferien, då det er mindre av den faste trafikken på vegane. I staden er det meir turisttrafikk, og bilistar som er mindre kjende med omkøyringsvegar.

– Informasjon blir viktig, og vi vil ha dialog med campingplassar, busselskap og nødetatar i stengeperioden, seier prosjektleiar Pål Frantzen.

For å gjennomføre arbeidet skal det nyttast ein relativt ny teknikk for å ta ut stein frå tunnelen.

– Det er liten overdekning på tunnelen, det betyr at det er lite avstand frå tunnelen og opp til overflata. For ikkje å skade hus og bygningar over tunnelen kan vi difor ikkje sprenge, men må bruke ein alternativ måte å få ned bergknølar som stikk ned frå tunneltaket, seier prosjektleiaren.

Det skal nyttast ein spesiell type vaier som kan sage i stein, og i samband med dette arbeidet kan det ikkje vere trafikk gjennom tunnelen, ikkje under arbeidet og ikkje før området er sikra i etterkant.

Arbeidet i Brattlandstunnelen startar 11. juli og vil vare fram til 31. juli. Arbeidet skjer kveldar og netter mellom kl. 22:00 og kl. 06:00, sju dagar i veka.