Arbeid i to tunnelar på fv. 609 mellom Førde og Askvoll i neste veke
Det blir arbeid i Kvernbergtunnelen i tre netter, og i Nordheitunnelen startar ei meir omfattande rehabilitering.
Arbeidet i Kvernbergtunnelen, tunnelen som ligg nærast Førde, startar tysdag kveld og vert avslutta fredag morgon. Frå 18:30 til 22:00 vert vegen stengd i inntil tre kvarter, resten av natta fram til klokka 06:00 kan det bli stengingar på inntil to timar.
Tunneloppgradering
I Nordheitunnelen, som ligg på toppen av bakkane mellom Blomlia skisenter og Solheimsdalen, er det eit meir omfattande arbeid som startar opp. Her skal dei gamle tunnelplatene erstattast av ny vass- og frostsikring. Tunnelen skal også sikrast med boltar for å hindre nedfall av stein.
Her blir det firedagarsveke, med arbeid frå måndag til og med torsdag, og stengetidene varierer litt frå dag til dag. Arbeidet i Nordheitunnelen skal gå til ut oktober, men med sommarferie frå veke 28 til 31.
Måndag |
Tysdag og onsdag |
Torsdag |
10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 14:55 15:00 – 15:30 16:30 – 17:30 17:35 – 18:30 |
07:00 – 07:35 07:45 – 08:20 08:30 – 10:05 10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 14:55 15:00 – 15:30 16:30 – 17:30 17:35 – 18:30 |
07:00 – 07:35 07:45 – 08:20 08:30 – 10:05 10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 13:30 |
Publisert 21. mai 2020