Tilrår tunnel bak Grimesvingane

Avdeling for infrastruktur og veg tilrår å arbeide vidare med finansiering av tunnel mellom Helldal og Djupavika bak Grimesvingene.

Vestland fylkeskommune vil no sjå på moglege tiltak på heile strekninga Arnatveit-Midtun langs dagens veg.

- Det er politikarane som må prioritere om det skal arbeidast vidare med tunnelen, seier seksjonsleiar John Martin Jacobsen.

Komplisert i anleggsperioden

- I Grimesvingane er vegen både smal og med krappe svingar, og det er vanskelege og krevjande forhold for både køyrande, gåande og syklande. Ein utbetring av dagens veg er komplisert fordi det ikkje vil vere mogleg med omkøyringsvegar gjennom anleggsperioden. Trafikkavviklinga gjennom anleggsområdet blir for krevjande og vil føre til omfattande inngrep i natur- og bumiljø, seier han.

Betre for mjuke trafikantar

Ein tunnel på strekninga Helldal-Djupavika meinar han løyser problem med framkome både i Grimesvingane, under jernbanebrua, den bratte stigninga i bakken mellom Helldal og Grimen.

-Det blir og betre tilbod til gåande og syklande då trafikken vert flytta bort frå bustadene i Grimen.

Ingen framtidig omkøyringsveg

Når det gjeld tunnel bak Grimesvingane, seier han at løysinga ikkje vil vere ein  fullgod omkøyringsveg.

- Det er ganske høg trafikk på vegen i dag (10 000 ÅDT=årsdøgntrafikk). Resten av vegen er dårleg, og går gjennom bustadområde og plassar der det ikkje er tilbod til mjuke trafikantar. Dette gjer at vegen ikkje egner seg som ein framtidig omkøyringsveg.

Han meiner likevel at ein tunnel bak Grimesvingene blir ein meir robust veg inn mot Bergen sentrum, og dermed betre rusta til å fungere som omkøyringsveg enn dagens veg når E39 er stengt mellom Arna og Bergen.

Må ha betre veg uansett

Sjølv med ein utbygging av Ringveg øst mellom Fjøsanger/Hop og Arna vil det vere behov for tunnel på strekninga Helldal-Djupavika

-Trafikkanalysar viser at trafikken på fylkesvegen likevel vil bli opp mot 3 000 i ÅDT. Dette er mykje trafikk, og det vil uansett vere behov for ein betre veg både for gåande, syklande og alle andre trafikantgrupper på fylkesvegen. Han legg til at 90 prosent av fylkesvegnettet i Vestland fylke har ein ÅDT på under 3000.

No har dei utarbeid ein rapport som vil vere eit fagleg grunnlag for vidare arbeid.

-Dette blir sak på neste møte i hovudutval for samferdsel og mobilitet i fylkeskommunen den 25. mai. Heile strekninga Arnatveit-Midtun er framleis eit forprosjekt og må drøftast med dei andre partane i Miljøløftet, seier han.

Bygging av tunnel frå Djupavika rekna til omlag 700 mill.kr. Tunnelen vil gå i eit løp i ein lengde på 1690 meter, og ha fartsgrense 60 km/t.

Her vil ny tunnel bak Grimesvingane gå.
Her vil ny tunnel bak Grimesvingane gå.