Velkommen til Trafikktryggingskonferansen 2020

I år blir det ikkje høve til å møtast fysisk, men det betyr ikkje at trafikktryggleik får mindre fokus.

TS.jpg

Fredag 20. november blir Trafikktryggingskonferansen 2020 heldt digitalt. 

– Vi håpar alle som finn arbeidet med trafikktryggleik relevant vil melde seg på årets digitale trafikktryggingskonferanse, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar for Hovudutval for samferdsel og mobilitet og Trafikktryggingsutvalet (FTU). 

Påmeldingslink finn du her.

Program

09.00-09.10: Velkommen til konferanse ved Jannicke Bergesen Clarke, leiar for Hovudutval for samferdsel og mobilitet og trafikktryggingsutvalet (FTU).
09.10-09.30: Tildeling av Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020, ved Jannicke Bergesen Clarke
09.30-10.00: Bli kjent med Vestland fylkeskommune og våre nye oppgåver
• Ansvar, oppgåver og organisering, Dina Lefdal, fylkesdirektør for Avdeling for infrastruktur og veg (INV) i Vestland fylkeskommune (VLFK).
10.00-10.20: Organisering av TS-arbeidet i Vestland fylkeskommune ved Carl Erik Nielsen, leiar for Utgreiing, VLFK
10.20-10.40: Pause
10.40-11.00: Handlingsprogram for trafikktrygging i Vestland ved Even Vaular, rådgjevar INV, VLFK
11.00-11.20: Ulykkesutviklinga i Vestland fylke, ved Tor S. Høyland, rådgjevar INV, VLFK
11.20-11.40: Frå utfordring til tiltak - med døme, ved Trond Hollekim, rådgjevar INV, VLFK
11.40-12.00: Det breie TS-arbeidet, v/Knut Olav R. Nestås, regionleiar, Trygg Trafikk
12.00-12.20: Pause
12.20-12.40: Frå nasjonale mål til tiltak i kommunal TS-plan, ved Harald Heieraas, Trygg trafikk
12.40-13.00: Arbeid med kommunal TS-plan. Kva kan vi lære? ved Wenche-Mari Bliksås, Osterøy kommune
13.00-13.20: Arbeid med kommunal TS-plan. Kva kan vi lære? ved Terje Natland, Kvinnherad kommune
13.20-13.40: Trafikktrygging. Politiet, ved Kjell Idar Vangberg, lensmann i Norhordland
13.40: Takk for i dag ved Jannicke Bergesen Clarke