To firma vil drifte fylkesvegar i delar av Bergen, Os og Austevoll

Presis Vegdrift AS hadde det lågaste tilbodet etter utlysing av driftskontrakt Bergen Os Austevoll.

Denne kontrakten er ei av to driftskontrakter som Vestland fylkeskommune har lyst ut i eigen regi etter at regionreforma vart innført 1. januar 2020, og fylkeskommunane tok over drift av fylkesvegane. Gradvis vert felleskontraktane med Statens vegvesen fasa ut.

Driftskontrakten omfattar delar av Bergen og Os, og Austevoll, og inneheld i alt 486 kilometer fylkesveg.

Presis Vegdrift AS sitt tilbod var på 462 millionar kroner, medan Mesta AS sitt tilbod var på 563 millionar.

– No startar arbeidet med å evaluere tilboda, før fylkeskommunen tek ei endeleg avgjerd i løpet av mars. Kontrakten trer i kraft frå september 2021, med ein kontraktsperiode på fem år, og gjensidig opsjon for inntil tre nye år, seier Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar for drift sør i Vestland fylkeskommune.

Namn på tilbydar

Pris eksl. mva

Presis Vegdrift AS

462 424 564,70

Mesta AS

562 955 310,00