Vestland søkjer om tilskot til sjømatvegar

Fylkesvegar som er viktige for sjømattransporten kan søke om midlar for å betre framkomsten.

TILSKOT: Fylkesvegar som er viktige for sjømattransport kan søkje om midlar  for å betre framkomsten.
TILSKOT: Fylkesvegar som er viktige for sjømattransport kan søkje om midlar for å betre framkomsten.

For å betre framkomst for sjømattransport og auke konkurranseevna i næringslivet er det oppretta ein tilskotsordning for fylkesveg i statsbudsjettet for 2020. Det er lyst ut 91,5 millioner kroner for 2020 og 50 millioner kroner for 2021. 18 vegar er peikt ut, der fem av desse ligg sør i Vestland fylke.
– Vi ønskjer ein open prosess rundt det vi gjer. De har mogelegheit til å påverke søknaden, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune til dei aktuelle kommunane.

Geografisk fordeling

Staten dekkjer 40 prosent av summen, medan fylkeskommunen står for resten. Pengane må brukast innan to år. Tildeling av midlar vil difor påverke fylkeskommunen sitt budsjettet.
Saka vert behandla politisk i september, og tida for å komme med innspel er knapp. 9. september skal fylkesrådmannen si innstilling vere klar. Vegar som er tenkt utbetra gjennom andre prosjekt eller pakker vert utelaten frå søknaden.
– Kva skal vi legge vekt på? Dette krev ein stor eigenandel frå fylkeskommunen og det kan vri våre prioriteringar. Vi ser etter ting vi uansett skal gjere, og som det er mogleg å gjennomføre innan den korte fristen. Vi har også lagt vekt på geografisk fordeling, seier Lefdal.

Innspel

Norges lastebileierforbund og dei aktuelle kommunane deltok på eit digitalt møte med fylkeskommunen der dei fekk komme med sine innspel.
I Bremanger har fylkesveg 616 rundt 1200 vogntog som køyrer til og frå fiskerihamna i Kalvåg.
– Dette er kritisk for leveransen. Skjer det noko på vegen som gjer at det går ut over leveranse, går det ut over konkurransen i markedet, seier Karl Vidar Førde, kommunalsjef i Bremanger.

Morten Storebø, ordførar i Austevoll, ein av Noregs største fiskerikommunar, nemner Bjellandsvegen som ei viktig prioritering.
– Vegen er smal, svingete og trafikkfarleg. Kvart år blir 42 000 tonn fisk frakta her. Austevoll laksepakkeri har i dag 130 årsverk, og har planar om å vekse, seier Storebø.

Vegar som vert vurderte

Frå nyttår av overtok fylkeskommunen ansvaret for fiskerihamnene. Fylkesdirektøren meiner det er gode grunner til å prioritere fv. 616 mot fiskerihamna i Kalvåg i Bremanger, sjølv om den ikkje var ein av dei fem vegane på lista. Vidare har fylkeskommunen mellom anna motteke eit innspel om nokre punkt på fv. 5582 i Gulen som blir vurdert.

Dei aktuelle strekningane som blir vurderte er:
Austevoll: Bjellandsvegen, Haukanes bru, fv. 546 heile strekninga, Husavika
Fv. 570 i Masfjorden: E39–Stallen-krysset, Einestrand, Kvinge, Kvingo, Vågsbotn
Fv. 616 Kalvåg–Oldeide: Dalsbotnen, Fossestranda, Trongsundet, sving mot Ryland
Fv 560: Beinastaden–Skogsvåg, Krossleitet, Tellnes, Tellnes skule
Fv. 49 Mundheim-Ljones–Tørvikbygd. Ljones–Tørvikbygd fem kilometer. Mundheim–Ljones 15 kilometer.
Fv. 49 Tysnes: Flatråker–krysset på fv. 5084, 4 km.
Fv. 5582 Gulen: Fivesdal–Byrknes, Sløvåg–Byrknes, Mjømna–Byrknes.
Fv. 541 Sveio: Grimseid–Sveio