Bertelsen & Garpestad skal utbetre Seimsdalstunnelen

Vestland fylkeskommune skal oppgradere tunnelen i Årdal kommune, og det er entreprenør Bertelsen & Garpestad som skal ta til på arbeidet seinare i haust.

Kart som viser  Seimsdalstunnelen gjennom fjellet mellom Seimsdalen i vest og Årdalstangen i aust.
Seimsdalstunnelen går vestover frå Årdalstangen til Seimsdalen.

Seks ville ha prosjektet

Interessa for prosjektet var stor, fylkeskommunen hadde seks tilbod på bordet ved anbodsopninga 26. august. Bertelsen & Garpestad hadde lågast pris på oppdraget med om lag 205 millionar kroner, og har fått tildelt prosjektet. Kontrakt vil bli undertegna i løpet av oktober. Arbeidet med tunnelen vil kunne starte i månadsskiftet november-desember 2020.  

Skal få gang- og sykkelveg

Seimsdalstunnelen på fylkesveg 5633 er frå 1969, og skal no utbetrast slik at den tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforskrifta med profil T10,5. Den blir og tilrettelagt for gåande og syklande mellom Seimsdalen og Årdalstangen. Etter konkurranseutlysinga skal ferdig tunnel opnast i mars 2023.

Les meir om fylkesvegprosjekt fv. 5633 Seimsdalstunnelen

Anbodsopning for Seimsdalstunnelen