Tre firma vil drifte fylkesvegar i Sunnfjord

Veidekke hadde det lågaste tilbodet på drift av vegane i området som vert kalla Sunnfjord sør, men som dekker kommunar både i Nordfjord og Sogn.

Denne kontrakten er ei av to driftskontrakter som Vestland fylkeskommune har lyst ut i eigen regi etter at regionreforma vart innført 1. januar 2020, og fylkeskommunane tok over drift av fylkesvegane. Gradvis vert felleskontraktane med Statens vegvesen fasa ut, og dei nye driftskontraktene vil gå over eit større geografisk område.

Endra kontraktsgrenser

Driftskontrakt Sunnfjord sør vil endre omfang i løpet av dei neste åra når seks driftskontrakter skal bli til fire, og kontrakta vil grensejusterast både mot Sogn og Nordfjord. I løpet av kontraktsperioden vil driftskontrakta omfatte kommunane Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Sogndal, Gloppen og Stryn.

Oppstart september 2021

Veidekke Industri AS sitt tilbod var på 383,8 millionar kroner, følgt av Mesta AS på 413 millionar og Presis Vegdrift AS med 418,5 millionar.

– No startar arbeidet med å evaluere tilboda, før fylkeskommunen tek ei endeleg avgjerd. Kontrakten har oppstart 1. september 2021, med ein kontraktsperiode på fem år, og gjensidig opsjon for inntil tre nye år, seier Rune Sverre Sande, leiar for drift nord i Vestland fylkeskommune.

Namn på tilbydar

Pris eksl. mva

Veidekke Industri AS

383.801.487,-

Mesta AS

412.959.366,-

Presis Vegdrift AS

418.531.258,60,-