Tilbodsopning på stor samlekontrakt – tre firma vil fikse bruer i Vestland

Mesta AS hadde det lågaste tilbodet på vedlikehald og reparasjon av 35 fylkesvegbruer i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Fv. 365 Ytre Melværsundbrua
Fv. 365 Ytre Melværsundbrua

Kva som skal gjerast på dei ulike bruene varierer i omfang, men kontrakta inneheld tiltak som overflatebehandling av stål, reparasjon av betong og fuger, fresing av dekke og utskifting av rekkverk.

Mesta AS sitt tilbod var på 19,5 millionar kroner, deretter kom Consolvo AS med 22,1 millionar og BMO Entreprenør AS med 23,8 millionar kroner.

No startar arbeidet med å evaluere tilboda før fylkeskommunen tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

– Vi reknar med å skrive under kontrakt i løpet av mars, slik at arbeidet kan starte i april. Frist for ferdigstilling av arbeidet på alle 35 bruene er november 2022, seier Jarle Systad, byggeleiar i Vestland fylkekommune.

Namn på tilbydar

Pris eksl. mva

Mesta AS

19 504 899,01

Consolvo AS

22 074 188,-

BMO Entreprenør AS

23 787 845,-