Strandvegen i Svelgen stengd ut april

Vegen ned til småbåtkaia i Breivika blir stengd frå 14. april – 30. april på grunn av vegarbeid.

veg og avkøyrsel
STRANDVEGEN: Avkøyrsla frå fv. 614 til Strandvegen. Denne vegen går mellom anna til småbåtkaia i Breivika.

Bygginga av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 614 mellom Breivika og Svelgen starta tidlegare i år. I samband med anleggsarbeidet i Breivika må entreprenør Contexo AS grave over avkøyrsla til Strandvegen i aust, vegen som går ned til småbåtkaia i Svelgen.

Arbeid fram til sommaren

Rør og kablar skal ned i grunnen som ein del av vegbygginga på strekninga, og det vil vere arbeid i dette området heilt fram til sommaren. Frå 14. april og vel to veker fram, vil vegen vere heilt stengd, deretter blir det kortare stengingar.

Det vil ikkje vere tilkomst med bil til småbåtkaia i denne to-tre vekers perioden. Dei som skal flytte båtar eller tyngre utstyr til eller frå kaiområdet må nytte høvet før 14. april.

Dei som har tilkomst til eigedomane sine via denne delen Strandvegen, har fått tilbod om parkering på eit anna område.

Ingen gjennomkøyring i Strandvegen vest 

Den vestre delen av Strandvegen som går gjennom industriområdet til Steinvik Rensefisk er stengd med bom og port. Ved behov vil utrykkingsetatane; politi, ambulanse, brann og kommunale tenester, kunne opne bommen for å komme til eigedomane i Strandvegen. Privatpersonar vil ikkje kunne nytte dette som tilkomstveg.

Kontaktpersonar i Vestland fylkeskommune:

• Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar. E-post: jon.harald.huseklepp@vlfk.no Mobil: 975 17 477
•Emma-Lill Solibakke, byggeleiar. E-post: emma.solibakke@vlfk.no Mobil: 952 53 102