Reiv fanggjerde med helikopter

Siste rest av gamlevegen forbi Kleiva er no historie.

IMG_14481.jpg
TUNGE LØFT: Det er ikkje lenger behov for fanggjerde over gamlevegen. Difor vart det demontert og frakta vekk med helikopter.(Foto: Svein Jarle Slinde, Mesta)

Strandanipetunnelen på fv. 5750 til Honningsvåg på Stadt vart offisielt opna i desember 2018.  Gamlevegen forbi Kleiva var utsett for ras, og det var mange nedfall av stein på vegen. Til tross for at det vart utført sikringstiltak i fleire omgangar, var vegen stengd i periodar på grunn av rasfare.

Med Strandanipetunnelen fekk innbyggjarane i Honningsvåg sikker veg til bygda si, og no er siste rest av den gamle skredsikringa fjerna. Fanggjerdet over gamlevegen vart rive med helikopter, arbeidet vart utført av Mesta AS gjennom driftskontrakta.

DJI_0345_web.jpg
GAMLEVEGEN: Den rasutsette vegen forbi Kleiva på Stadt vart i 2018 erstatta av tunnel. Rekkverk og asfalt er fjerna, og no er også fanggjerdet vekke.

I tillegg til riving av fanggjerdet er det montert ekstra nett for erosjonssikring ved tunnelpåhogg mot Honningsvåg. Det står att å montere saman rekkverk på begge sider av tunnelen, eit arbeid som vert utført i løpet av hausten.